Gutter er noe som alle jenter tenker ENDEL på i løpet av tenårene... og jeg er intet unntak. Men jeg har også opplevd mange gutter på en annen måte enn mange andre jeg kjenner... jeg har nemlig vokst opp med kamerater...nære kamerater... Bestekameraten min som nå bor i Oslo var den jeg hang med, og Gunstein rett overfor huset mitt...og venner av dem igjen. Jeg trives som en kamerat. Å være venn med en gutt er kjempe fint;) Gutter og jenter er jo som mange vet veldig forskjellige...noen ganger føler jeg meg litt som en gutt... eller rettere sagt guttete... Jeg merker at jeg har blitt veldig påvirket av kameratene mine..og jeg tror jeg liker det! Gutter er så enkle...vi kan sitte i ro sammen å ikke si noe..vi kan se fotballkamp uten at noen sier et ord..bare ser på kampen... det er gullfint synes jeg. Men samtidig er jeg jo jente...så jente ting gjør jeg jo også..men jeg merker jeg er preget av mine kamerater... Og jeg har vokst opp som ei pappa jente, som har lært å gå i fjellet, fiske, sløye fisk, lage krabbetegner...se fotballkamp å tie stille, se utover et fjell å nyte naturen uten å prate særlig...drepe edderkopper, å snekkre, pusse, lodde og sitte behagelig..hehe...
Gutter som et motsatt kjønn er alltid spendene...gutter fasinerer meg mye, jeg trives jo godt sammen med dem...men en bra gutt, er ikke feil... Å bli forelska er noe jeg har lyst til... tror ikke jeg er helt klar for det nå pga av andre ting.. og det lille "problemet" jeg har med å binde meg...men jeg har skikkelig lyst å binde meg til en gutt... jeg ser på Tone og Olaug som begge har kjempe gutter, og gode forhold... og tenker..det vil jeg også ha....
Det kommer nok med tiden... Men min gutt må være skikkelig GUTT.... altså.... helst en som er matcho og sporty, men samtidig må han være....... ja..osv osv... det er kanskje endel uinterressant...men men.. GUTT må han være..
som mange sier gutter er gutter... og slik vil vi ha dem ;) haha
Her er forresten et essay jeg skrev om kjærlighet... det kan du lese hvis du vil;)
(ps: det er nynorsk)
Kjærleik
Mang ein prestekrage har mista livet sidan verda vart til – langsamt pint til daude av ein forelska tenåring som ikkje lenger taklar uvissheita; er den store kjærleiken gjensidig? Med litt juks kan me som regel konkludere med at den utvalde føler det same, og med eit smil om munnen vandrar me vidare, medan stilken frå blomen ligg forlaten i vegkanten.
Det mystiske fenomenet kalla kjærleik snik seg inn på eitkvart menneske. Det tar mykje av tankane til ein ungdom. Jakta på den rette kjærasten kan væra det einaste som sving i hovudet i tenåra. Riktig nok vert me jo bombarderte av suppette kjærleikssongar på radioen. Alle gode filmar har kjærleik som eit dobbelt tema. Det er perfekte forhold, der dei to, som er skapt for kvarandre møtes og får eit perfekt liv. Denne skapningen populært kalla ”den store kjærleiken”, er i følgje nokon berre bløff. Det er ofte dei som har brunne seg.
Kvar gong eg vert forelska håpar eg jo at det er den eine rette for meg. Då eg etter ei stund finn ut at eg tok feil er det lett å tenkje at eg aldri vil finne den eine rette for meg.
Berre dei som har opplevd ei verkeleg kjærleiksorg veit kor smertefullt det er. Smerta kan vere så intens at fleire psykologar samanliknar det med eit dødsfall; ein av dei som betydde mest for deg, er plutseleg ikkje ein del av livet ditt lenger. Det å bli dumpa for ein annen er kanskje det som er vondast. Du er blitt bytta ut, du er ikkje god nok, det kan væra lett og tenkje slik. Mange kan få store sjølvtillits problem ved å verta dumpa. Ingen byggjer sjølvtilliten din betre enn ein kjærast. Det er difor ubeskriveleg vondt når forholdet raknar. Ein du har delt og gitt det mest intime av deg sjølv til, er plutseleg ikkje der for deg lenger. Då er det så og sei berre tida som verkeleg kan hjelpe, eller det å varta forelska igjen. Eg har lært at kjærleiken er som ein eld. Du veit ikkje om den kjem til å varme deg, eller brenne ned huset ditt. Men som Alexander Kielland sa: ” Kjærleiken er jo eit lotteri, for å vinne, må me iallfall spele”. Og det er jo sant.
Forelsking er noko fint. Noko me ikkje kan kontrollera. Det er som om heile verda blir snudd opp ned berre den du er forelska i er i nærleiken. Det brusar i magen, og du ynskjer berre å vere nær den spesielle personen. Å vere forelska kan gjera at alt det som ikkje er så bra i livet ditt ikkje pregar deg så mykje som det gjorde. Nokon seier at forelsking gjer den kloke dum, dei har jo rett. Det er så lett å seie noko dumt til den du er forelska i. Noko du i grunnen aldri hadde tenkt å seie kjem kanskje fram utan at du tenkjer over det. Nokon opplever å ikkje få ut eit einaste ord. Den eine setninga du så gjerne ville få fram, sit fullstendig fast i halsen, og du er overbevist om at hjertet skal lage hol i genseren. Men kva er forskjellen mellom forelsking og kjærleik? Eg trur forelskinga er noko som er berre i byrjinga av eit forhold, og at denne forelskinga gradvis går over til kjærleik. Det er eit uttrykk som er ganske morosamt: Tenkjer du på kona di når du er på fotballkamp, då er du framleis forelska. Det ligg jo noko i det.
Me treng tydelegvis alle ein som er der for oss alltid, ein som skjøner kva me meiner utan at me treng å bruke ord. Ein som nokon gonger kjenner oss betre enn me
kjenner oss sjølve. Me treng å vera den me er og likevel vera akseptert, å kunne vise våre dårligaste sider og likevel vera nummer ein. Nokon som me kan vera saman med når me ikkje vert inviterte til festen alle andre skal på, ein som forsikrar oss om at me er finast i heile verda når me har influensa og ikkje har fått dusja på ei veke.
Kjærleiken søkjer ikkje sitt eige. Den uthelder alt, trur alt og tåler alt. Det er så vanskeleg å forstå at ekte kjærleik verkeleg er slik. Alle menneske treng kjærleik. Men eg trur at kjærleiken kan definerast forskjellig frå person til person. Utan å verkeleg ha elska nokon, greier me ikkje å opprektig forstå kva det inneber og korleis det føles. Kjærleiken må opplevast.
0 Comments:
Post a Comment
<< Home